Av Per Engene, Bø i Telemark
Norske politikarar meiner dei har støtte frå FN’s klimapanel til å hevde at det er til stor skade for jorda dersom temperaturen går opp med to grader C etter 1750. Politikarane hevdar denne myten fordi dei ikkje er kjende med klimahistoria vår.
Klimahistoria i Noreg
I den boreale og atlantiske varmetida for mellom 10.000 og 2.500 år sidan var det i middel 3-4 oC varmare klima enn no. Det var ikkje skadeleg for nokon, tvert imot voks det stor furuskog over Hardangervidda og Valdresflya 1.500 moh., og alle isbreane i Skandinavia var borte. Slik er det ikkje i våre dagar. Til samanlikning minkar temperaturen med 1 oC for kvar 100 m som me stig i høgda når det er tørt og stilt ver, noko som tilsvarar 5 oC mellom noverande skoggrense på 900 moh. og 1.500 moh.
Dei siste 1.000 åra av varmetida hadde me Bronsealderen i Norge. Då er me inne i historisk tid med ei rik kulturell utvikling i Egypt og Mesopotamia. Etterpå kom Jernalderen med kjøligare klima og ein temperatur om lag som i vår tid. Historia om klimaet i Norge viser at det hadde vore gunstig med ei stigning i temperaturen på 3-4 oC for all vegetasjon og produksjon av mat.
Klimahistoria viser at politikarar og media feilinformerer folk for å halde oppe myten om at det er skadeleg med eit varmare klima. Då kan ein spørja kvifor dei same folka reiser til Spania i fleire veker kvart år?
Myten om CO2-utslepp
Den andre myten går ut på at gassen CO2 varmar opp jorda, og derfor er det farleg å sleppe ut CO2. Det er rett at CO2 absorberer varmestråling frå jorda med ein effekt som utgjer i middel mindre enn 1 grad C. Men dermed er effekten til CO2 oppbrukt, for likninga for absorpsjonslova, Lambert-Beers lov, viser at mengda CO2 i lufta allereie absorberer alle varmestrålar i CO2-spekteret. UTSLEPP av CO2 til lufta gir ingen ekstra varmestrålar å absorbere i CO2-spekteret. Så enkelt er det! Meir CO2 kan sjølvsagt ikkje absorbere fleire strålar enn jorda sender ut i CO2-spekteret? Jorda strålar ikkje meir energi for det om det blir meir CO2 i lufta.
Energibalansen på jorda
Ein realistisk analyse av energibalansen på jorda, viser at 1. fordamping av vatn med 65% effekt er den suverent største faktoren i overføringa av energi frå jorda til atmosfæren. Det krev mykje energi å varme opp og fordampe berre ein liter vatn! At det skjer 2. varmeleiing direkte frå jorda til lufta med 19% effekt, har alle sett som har vore på ein asfaltert plass ein varm dag når oppvarma luft dirrar slik at det blir synkverving, eller fata morgana som me høyrer om frå ein ørken. Den minste faktoren med 16% effekt er den delen av 3. varmestrålinga frå jorda som blir absorbert, den delen som FN’s klimapanel meiner står for heile varmeoverføringa frå jorda til atmosfæren. Den mest ekstreme påstanden er at CO2 med sine 2,5% står for 100% eller heile varmeoverføringa frå jorda til atmosfæren!
Sola er suveren
Sola er suveren når det gjeld å halde oppe temperaturen på jorda. Sola yter ein effekt på 1366 W/m2, ein effekt som må delast på fire for å få ein middelverdi for jorda, pga. dag og natt og rundinga av jorda = 341,5 W/m2.
Til samanlikning kjem 0,055 W/m2 frå jordvarme og 0,020 W/m2 frå fossil varme. Det viser at dersom sola sviktar, er me ille ute!
Det mest vesentlege: fotosyntesen
Det er berre 0,04% CO2 i lufta. Det er svært lite, så lite at all CO2 i atmosfæren hadde fått plass i Bø kommune i Telemark, ein av dei minste kommunane i Telemark. På ein stor globus er Bø berre som eit punktum. Det er så lite at lufta i vår tid er sveltefora på CO2, så gartnaren må pøse på med det firedobbelte med CO2 i veksthusa for å få brukbare avlingar. Og då er me framme ved det mest vesentlege, fotosyntesen, der livsgassen CO2 er det einaste næringsstoffet som gjer at det er liv på jorda, og som gjer at jorda er fruktbar. Det viser at CO2 ikkje er forureining, og det viser kor forferdeleg gale det er å fjerne livsgassen CO2 frå lufta.
Konklusjonen
Det beste som kunne skje med jorda vår, var at temperaturen gjekk opp med 3-4 grader C. Og når UTSLEPP av CO2 aldri kan påverke temperatur eller klima på jorda, er det ei innbilling at menneske kan påverke klimaet, som er styrt av sola og naturen ved naturlovene.