Forfatterenes klimaaksjon fører folk bak lyset

Støtt oss ved å dele:

Av Per Engene

Freddy Fjellheim og Elisabeth Eide i Forfatternes klimaaksjon har kome med påstandar som manglar grunnlag i fakta. (Red.anm,.FKA med egen nettside her.)

Det er greitt nok at dei refererer paragraf 112 i Grunnlova. Men den handlar om miljøet. Klimaet er ikkje nemnt. Det har sin gode grunn. Klimaet styrer seg sjølv og let seg ikkje påverke. Alle som kjenner forholdet mellom arv og miljø, veit at arven ikkje let seg påverke. Det er miljøet me kan og skal gjera noko med. På same måte er det med klima og miljø. Det er miljøet me kan og skal gjera noko med. Det har dei som skreiv paragraf 112 i grunnlova retta seg etter.

Her tek Fjellheim/Eide feil. Så vil dei arbeide for ei omlegging av norsk energipolitikk, frå bruk av fossile til fornybare resursar, utan å forklare kva som er skadeleg ved bruk av fossile resursar. Det er ei innbilling at utslepp av CO2 kan skade klimaet. Det har me vore inne på før. Det som kan skje er forureining, særleg med bruk av diesel som lagar kreftframkallande utslepp. Bruk av mykje kol krev at utsleppa blir reinsa.

I dag står fossil energi for meir enn 81 %, kjernekraft nesten 6 %, vasskraft 11 %, til saman 98 %, medan bioenergi og vind får ein prosent kvar, medan geoenergi og solenergi ikkje kan reknast i prosent. Så spør eg kvar dei nye fornybare energikjeldene skal koma frå. Hugs på at energiproduksjonen må stige svært mykje i åra som kjem for å dekkje forbruket i Afrika, India osv.

(Ill.valgt av red; man regner USA for å ha beste T-målinger. figuren viser USHCN data pr. august 1999 de bekrefter 1934 som varmeste år også i USA)
(Ill.valgt av red; man regner USA for å ha beste T-målinger. figuren viser USHCN data pr. august 1999 de bekrefter 1934 som varmeste år også i USA)

Sjølvsagt kan ikkje menneska påverke klimaet, men Fjellheim og Eide vil ha det til at somme «forskarar» hevdar at det skjer «global oppvarming», endå om det ikkje har vore nokon stigning i temperaturen etter 1934. (Jfr Silen 2008 og KLIMAET, 2. utg. side 20 ff. fig 7 og 8 og side 21).
Og dei er visst ukjende med at i Bronsealderen og i 7000 år før den tid var det stor furuskog på Valdresflya og Hardandervidda, 700 m høgare enn i dag. Når me veit at temperaturen minkar med 0,65 grader for kvar 100 m me stig til vers, så må det ha vore 4-5 grader varmare enn i dag. Alle isbreane i Skandinavia var borte.

Det er nye istider me har grunn til å frykte, ikkje høgare temperatur. Det beste som kunne skje jorda vår, vegetasjonen og matproduksjonen, var at temperaturen gjekk opp med 4-5 grader.

Ein merkar seg at av 40.000 turistar til Paris i desember, av dei 70 norske, var det ingen som kunne klimahistoria si og kunne reagere på dei famøse vedtaka på møtet. Jorda blei utsatt for eit kjempeeksperiment etter depresjonen i 1929-32, då utsleppa vart reduserte med 30 % pga. alle fabrikkane som vart stengde i USA og Europa, utan den minste verknad på CO2-mengda i lufta eller temperaturen, heilt i samsvar med naturlovene.

Naturen ordnar seg sjølv. Så kva er det forfattarane Fjellheim og Eide og Forfatternes klimaaksjon vil med aksjonen sin anna enn å føre folk bak lyset?

Støtt oss ved å dele: