Av Per Engene
Biologen Per Engene utfordrer gjennom 10 punkter Kristin Halvorsen på hennes klimakrise Mens kloden blir kaldere og nesene blir lengre i Institutt for Klimapolitikk venter vi på at Kristin Halvorsen engasjerer seg i en faktabasert klimadebattt.
For 6 år sidan hevda Halvorsen at ho kunne diskutere klimakrisa med kven som helst. Eg melde meg straks på. Då ho hadde møte i Bø, passa det bra, men Halvorsen avviste meg. Det var uheldig, for ho kunne med det fått oppgradering av kunnskapen sin.
No ber eg henne tilbakevise desse 10 punkta med realfaglege fakta. Ho har svært mange på CICERO som kan hjelpe henne med solide svar viss dei får lov. Eg ventar at eg blir tatt alvorleg denne gongen. For det er alvorlege spørsmål som må løysast, viss «klimatiltak» for tusenvis milliardar kr som er heilt bortkasta kan bli fjerna.
1. Dei blandar saman klima og miljø
Etter at Kristin Halvorsen tok over som direktør for CICERO i mai 2014, gav ho saman med Eskil Skjeldal eit intervju for det meste om klimakrisa. Han blandar saman klima og miljø så det blir reint gale, for di klimaet blir styrt av naturen og det er berre miljøet menneska kan påverke.
2. Reduserte CO2-utslepp har liten verknad
Det andre er at desse to vil redusere utsleppa av CO2, endå det viser seg at det har liten verknad. Det kjempeeksperimentet jorda gjorde ein gong gratis var ved depresjonen 1929-32. Då vart CO2-utsleppa redusert med nesten 30% pga. alle fabrikkane som vart lagt ned i USA og Europa. Det førte ikkje til nokon endring verken i CO2-mengda i lufta eller temperaturen, for det er det Henrys lov og Guldberg-Waage lova som styrer med. Resultatet vart den høgaste temperaturen i 1934 etter Den vesle istida, berre litt høgare enn i 1998. Når skal folk lære av så klare eksperiment, Halvorsen?
3. Vegetasjonen er sveltefora på CO2
Dei to meiner også at det er så skadeleg med så mykje CO2 i lufta at mengda må reduserast? Fakta er at det er så lita CO2 i lufta at vegetasjonen er sveltefora på CO2. I middel har det vore sju gonger så mykje som no. Berre med ei dobling av CO2 i veksthus, veks småfuru nesten fire gonger så fort. Det blir heilt feil å hevde at meir CO2 i lufta er skadeleg.
4. Stadig stigande bruk for energi
Det er unødvendig å erstatte fossil energi med anna energi. Olje, kol og gass leverer saman med kjernekraft (5,7%) 87% av all energi på jorda. Fornybar energi står for vel 13%, og av dette produserer vasskrafta nesten 11%. Då blir det att berre 1% til vindkraft og 1% til bioenergi, begge energiformene er enorme tapsprosjekt saman med solenergi som leverer mindre enn 0,1%. I ei verd med stadig stigande bruk for energi er det urealistisk å erstatte fossil energi med vind- og solenergi som er både ustabil og ulønnsam.
5. Profetiar om dommedag
No er det mange som skremmer med klimakrise og mange slags profetiar om dommedag som har fylt norske media i mange år. Temperaturen kan stige til jorda kokar, isbreane kan smelte så mykje at store område blir demde ned – syndeflaumen på nytt! Havet kan bli så surt at alt liv går til grunne, osv. osv
6. Kunnskapslaus temperaturalarmisme
Mange som er hjernevaska med at det er farleg dersom temperaturen skulle stige med 1-2 grader meiner visst at det er farleg for klimaet? Det er fordi dei ikkje er kjende med at i Bronsealderen for 3000 år sidan og 7000 år før den tid var det 4-5 grader varmare enn no. Isbreane var borte, og det var stor furuskog over Hardangervidda og Valdresflya, 1500 moh. Temperaturen går ned 0,65 grad for kvar 100 m me stig i høgda. Skoggrensa i dag ligg på om lag 800 moh. Det er 700 m lågare enn i varmetida for 7000 år sidan. Temperaturen må i periodar ha vore 5-6 grader høgare enn no då skogen etablerte seg, og så prøver klimaalarmistane å innbille folk at det er «farleg» med 1 grad høgare temperatur enn no! Kor kunnskapslause og naive kan me tole at politikarar blir?
7. Klimaaktivistane vil ikkje ta til seg fakta
Den andre påstanden er at UTSLEPP av CO2 påverkar temperatur og klima. Denne påstanden må dei gjerne føre bevis for, så skal eg føre realfaglege bevis for det motsette! Likninga til absorpsjonslova viser at det er fysisk umogeleg at UTSLEPP av CO2 kan påverke temperatur eller klima! Klimaaktivistane vil ikkje ta til seg fakta, men kastar bort fleire tusen milliardar kr på såkalla klimatiltak som ingen verknad har. Klimaet blir nemleg styrt av naturen og er derfor upåverkeleg for menneske med unntak av inneklimaet og klimaet i store byar, der urbaneffekten gjer seg gjeldande.
8. Henrys lov
I tillegg viser Henrys lov at CO2 fordeler seg mellom luft og hav som 1:50 styrt av temperaturen og partialtrykket til CO2 i vatn. Kaldt og polart hav løyser opp CO2 frå lufta, medan varmt og tropisk hav slepper ut store mengder CO2 til atmosfæren, til nytte for vegetasjonen i dei tropiske og tempererte sonene, i alt meir enn 500 milliardar tonn fram og attende per år. Dermed blir all CO2 i lufta skifta ut kvart femte år. – Dei som innbiller seg at dei kan redusere CO2-mengda i lufta med å fjerne UTSLEPP av CO2, tek grundig feil. Det blir berre løyst opp tilsvarande mindre CO2 i kaldt hav, slik at CO2-mengda i lufta blir den same. – Klimamøtet i Paris med 40.000 deltakarar, av dei 70 norske, skulle samordne nødvendige «klimatiltak», men møtet vart avslutta med ei avtale som er heilt tannlaus og ikkje bindande for nokon stat. Det må ein kunne kalle eit fantastisk godt resultat etter meir enn 20 klimamøte på like mange år. Norge var aleine i mange år med CO2-avgifter sidan 1992, og blir etter denne avtala snart aleine i verda med dette skadelege og fordummande CO2-hysteriet. Det er litt av ein tradisjon å halde ved like!
9. Store klimaendringar i vår tid? – Nei!
Den tredje påstanden er at det skjer så store klimaendringar i vår tid. Både «klimakrisa» og dei store klimaendringane finst berre i media og ikkje i naturen. Fakta viser at klimaet har vore meir stabilt dei siste hundre åra enn på lenge. Som i mange hundre år har me stadig innlandsklima, og eit kystklima der syklonbeltet som følgjer Golfstraumen lagar uroleg ver med vind og mykje nedbør heilt frå Jæren til Finnmark. Det fører til store flaumar og jordras fordi politikarar i 30 år har innbilt seg at dei regulerer klimaet med å redusere UTSLEPPA av CO2 – i staden for å mudre og drenere elvane. I den breie Gudbrandsdalslågen er elveløpet etter meir enn tretti år fylt opp med eit tre meter tjukt lag av kvabb, sand og grus som gjer at det blir vårflaum kvart år, og politikarane gjer ingen ting.
10. Klimatiltak utan den minste verknad!
Det beste som kunne skje jorda vår, vegetasjonen og produksjonen av mat, var at temperaturen gjekk opp med 3-4 grader. Ansvarlege politikarar må ta til seg historiske og realfaglege fakta før dei held fram med å presse samfunnet til «klimatiltak» for tusenvis milliardar kr som er heilt bortkasta og utan den minste verknad! – Problemet er nok heller at temperaturen kjem til å gå ned med 1-2 grader dei neste 30-50 åra, jf. med minkande solinnstråling og syklusen til dei store havstraumane i Stillehavet og Atlanterhavet. Då blir det problem med produksjon av mat her i landet, slik det var i fjor sommar med halve avlingar av korn og frukt.