Jon Hustad slakter MDG i Dag og Tid

Støtt oss ved å dele:

Nok en gang beviser Jon Hustad i Dag og Tid 10. mars (foto fra Dag og Tids nettside) at deler av pressestøtten i Norge er vel anvendt. Partiet eller sekten MDG får sitt stortingsprogram analysert og omtalt av en Hustad som briljerer på sitt beste. Han påpeker blant annet at MDGs politikk vil føre til drastisk økte CO2-utslipp, at økonomien skal underordnes sunne økologiske prinsipper, og at MDG er spesielt populært blant journalister. Løp pg kjøp Dag og tid, for vi siterer bare utvalgte avsnitt her. VI har for egen regning lagt til overskriftene i teksten nedenfor.

Hustad – den reaksjonære klimasatanist
(Red.anm. dette avsnittet med en særdeles saftig personkarakteristikk av Hustad bekrefter langt på vei at klimaalarmismen er sterkt forankret i noe som står fjernt fra naturvitenskapen).

Fyrst ei åtvaring: For nokre dagar sidan kom eg i snakk med ein sentral dansk politikar som har vore statsråd i mange år, med særleg ansvar for klima. Då eg ymta frampå om at dansk klimapolitikk var dyr og lite produktiv, vart han så irritert at han kalla meg ein «reaksjonær klimasatanist». No veit de kva slags fyr som skal melda stortingsprogrammet til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

MDG – uten kontakt med økonomi og realfag
Det kjennest nesten litt feil å leggja fakta til grunn når eg skal skriva om MDG. Miljørøsla har tradisjonelt vore noko anna, eit slags alternativ som ikkje er underlagt universelle reglar om økonomi, natur og realfag. Og jau då, då eg byrja å lesa, fekk eg nokså snøgt ei god kjensle inni meg. Det er så mykje snakk om fritid, samarbeid, krinslaup og det å vera glade i medmenneske, at eg fekk lyst til å flytta heim og dyrka marka og grilla fisk i fjøra. Den personen som har skrive innleiinga, er ein verkeleg god skrivar som straks og med ein gong bør verta tilsett som språkkonsulent i Det Norske Bibelselskap. (JOSH har her illustrert en del av verdiene som står sterkt i MDG, red.anm.)

MDG – Mindre verdiskapning og mer velferdsstat
Eg kunne ha gjort lista mykje lengre, men det er ikkje noko poeng i det. Poenget er at MDG går inn for ei sterk utviding av velferdsstaten, og det altså på felt etter felt. For å konkludera om det som ikkje er direkte realtert til miljø: MDG vil ha mykje meir fritid, mykje mindre verdiskaping og ein mykje større velferdsstat.

Sånn, då kan vi snakka om det dei verkeleg bryr seg om: klimaet. Eller meir presist: Dei seier at dei bryr seg om klimaet, men ei rekkje av tiltaka dei vil ha gjennomført, er alt anna enn klimavenlege. Og det burde forfattarane av programframlegget visst, for faktagrunnlaget for ein betre norsk klimapolitikk er etter kvart vorte stort og vidt.

Tog som hellig ku i Norge
Lat oss snakka om tog: Alle parti er for tog, men få er meir opptekne av tog enn MDG. Eg kjem aldri til å forstå kvifor tog har vorte ei så heilag ku i Noreg. Tog er for urbane strok med mykje folk. Noreg har med unnatak av Stor-Oslo ikkje område som eignar seg for skinnegang i eit miljøperspektiv. Vi er altfor få her til lands til at tog kan løna seg eller gje eit tilskot til rask og sterk nedgang i klimautsleppa. MDG nektar å taka denne heilt enkle og innlysande innsikta inn over seg.

MDG vil «redusere reisetiden med tog mellom Oslo-Bergen og Oslo-Trondheim til maks fire timer» og «bygge ut høyhastighetsbane mellom de store byene.» Hustad påpeker: at klimaeffekten er sterkt negativ, og viser til Økonomiprofessor Steinar Strøm som hadde ansvaret for å kvalitetssikra utgreiinga. Han skreiv mellom anna dette: «En høyhastighetsbane kan ikke ha sterkere stigning enn 12,5 promille, noe som betyr lange rette strekninger og massevis av tunneler. Høyhastighetsbaner i Norge ville ha gjort Sør-Norge til verdens største undergrunnsmetro. De mange og lange tunneler (tunnelandeler mellom 40% og 65%) krever mye sement og betong, noe som også innebærer at det akkumulerte utslipp av CO2 for flere av strekningene vil i mange ti-år være høyere enn i flyalternativene. Utslippene av CO2 skyldes i hovedsak utslippene knyttet til produksjon av sement og betong… I motsetning til hva mange har trodd så er høyhastighetsbaner ikke miljøvennlige.»

MDG – Null bakkekontakt på tog
Det er dokumentert bortanfor all tvil at snøggtog har ein negativ klimaeffekt. Også Asplan Viak analyserte klimutsleppa for Jernbaneverket. Dei konkluderte med at ei slik utbygging ville føra med seg eit langt høgre CO2-utslepp dei neste 60 åra enn det vi har i dag. Ei snøggtogutbygging av Bergensbanen ville ha ein negativ klimaverdi i opp mot 100 år. Samstundes skriv MDG at dei vil «Stille krav om fossilfri anleggsdrift i offentlige byggeprosjekter og stille krav om nullutslipp innen 2025». Sant å seia forstår eg ikkje kva MDG seier her. 57 prosent av tida må snøggtog gå i tunnel. For å få laga slike tunnelar må ein nytta enorme dieseldrivne bor og massivt med sement, betong og jern. Å produsera slik generer per definisjon ekstreme mengder CO2. Om MDG hadde meint alvor med å få ned CO2-usleppa, hadde dei måtte ofra togentusiasmen, men det er dei altså ikkje viljuge til.

Denne uviljen mot å sjå på faktum og vitskap avgrensar seg ikkje til tog. På ei rekkje område har MDG alternative idear til det vi veit og til vitskapen. Deretter følger noe om norsk mat i et klimaperspektiv. Her oppsummerer Hustad: «i eit klimaperspektiv er produksjon av norsk mat ikkje lurt.»

Løp og kjøp Dag og Tid. Hustad har flere lengre avsnitt i sitt fremragende oppslag 10. mars, blant annet interessant informasjon om biodrivstoff og MDGs holdning til bruk og produksjonen av dette.

 

Støtt oss ved å dele: