Av Magne Dvergsdal
Klimaforskarar og politikarar er engstelege for at vi står framfor ei klimakrise der vi får eit varmare klima igjen. Etter vi fekk FN sitt klimapanel, IPCC, er eit varmare klima definert som eit dårlegare klima og eit kaldare klima eit betre klima. Før det var eit varmt klima eit godt klima og eit kaldt eit dårleg klima.
Går vi tilbake til vikingtida så hadde vi eit varmare klima utan den dramatikk som politikarane no ser føre seg om temperaturen skulle gå opp 2 grader, noko som er lite realistisk etter som vi no har hatt ei utvikling utan målbar temperaturauke dei siste 18 åra. På same tid har vi hatt ein kraftig auke av CO2 i atmosfæren. Det verkar ikkje som CO2 har den effekten på klima som ein skulde forvente etter utrekningane til IPCC sine klimamodellar.
Klima i eit historisk perspektiv
I vikingtida var vi ekspansive og hadde resursar til å legge under oss Island, Færøyane og Irland og vi busette oss på Grønland og dreiv landbruk der vi dyrka korn. Alt dette fordi vi hadde eit klima der vi fekk gode avlingar og der det ikkje var uår. I 1217 vart Håkon Håkonson konge i Norge og det vert hevda at frukta vart moden to gonger dette året. Det høyrest ut som klima var betydeleg varmare enn det vi opplevde sommaren 2015.
Når forskarar no påstår at auke i temperaturen vil gje meir ekstremver, så stemmer det med det klima vi fekk i den vesle istida, ikkje med den varme perioden opp til 1315. Å tidfeste den vesle istida er vanskeleg, men den varde fram til 1900, så vi kan vere lukkelege som har fått eit varmare klima etter det. Veret var i periodar svært kaldt med mykje regn og overfløyming og i mange år vart ikkje avlingane modne. Dette var ikkje berre i Norge, men i store deler av Europa.
I tillegg til svolt og svartedauden fekk vi hekseprosessar. Avlatshandel vart innført. Det var nok ein forløpar til dagens CO2-kvotehandel.
Skjelettfunn viser at folk på 1400-talet var høge og kraftig bygde. Dei hadde nok eit kraftig kosthald med mykje kjøt. Den danske kongen Christian 1 (1448-81) var nesten to meter høg. Eit par hundre år seinare var gjennomsnittshøgda kraftig redusert. Maten var elendig og dei måtte slutte å ete raudt kjøt. Og det skal vist føre til eit endå kaldare klima i fylgje norske klimaforskarar.
Mange kraftige stormar
Den vesle istida førte med seg mange kraftige stormar som All Saints Floods den 11.-12. november 1570 der eit tal mellom 100 000 og 400 000 menneske omkom. I får håpe at slikt ikkje skjer om vi får eit slikt klima som våre klimaforskarar spår. I alle høve var ikkje klima i perioden frå 1300 til 1900 noko godt klima sjølv om det var varme periodar innimellom. Eg vil derfor føreslå at vi på nytt innfører at eit varmt klima er eit godt klima og eit kaldt klima er eit dårleg klima, sjølv om fleirtalet på Stortinget er av ei anna oppfatning. Eit godt nyttårsforsett må vere å ete mykje raudt kjøt i 2016 for då får vi eit varmare og betre klima!