Gjesteinnlegg fra Magne Dvergsdal
Dagleg høyrer vi om klimakrise og om alle klimatiltak som skal settast i verk for å hindre at temperaturen stig meir enn 2 grader. For det første er det umogeleg å snakke om ei klimakrise når dei siste 7 – 8 000 åra har vore varmare enn i dag. Gransking av sediment kring Jostedalsbreen syner at det vaks alm for 6 til 8 000 år sidan der det no er skoggrense for fjellbjørk. Fjellbjørk treng 7 grader i gjennomsnittstemperatur i månadane juni, juli, august og september. Alm treng 4 grader høgre temperatur. Sjølv med 2-gradersmålet vil vi vere berre halvvegs til dei temperaturar vi hadde for 8 000 år sidan og var det klimakrise den gongen?
Vi snakkar om enorme utslepp av klimagassen CO2. CO2 frå olje ,kol og gass hadde i utgangspunktet ein isotop C14. Den har ei halveringstid på om lag 6 000 år. Sidan kol, olje og gass vart laga for millionar av år sidan, finst ikkje C14 i CO2 når vi brenn desse stoffa. Granskar vi CO2 i dagens atmosfære, så finn vi om lag 4% som manglar C14. Altså er det berre 4% av all CO2 i atmosfæren som kjem frå fossilt brennstoff. Det utgjer om lag 15 ppm. Om vi fylgjer SV og MDG og går attende til steinaldernivå, så kan vi toppen få redusert CO2 i atmosfæren med 15 ppm. Men sidan havet er den som styrer konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren, vil dette berre føre til at havet fyller på nye 15 ppm. Med klimapolitikken kan vi i realiteten ikkje oppnå noko som helst anna enn å bruke milliardar på noko som er totalt verdilaust.
Når det gjeld CO2 og klima, så har CO2 svært lite å bety ved dagens konsentrasjon. Når klima går frå istid til varmare klima, så stig temperaturen mange år før CO2 tek til å stige. Det kjem av at havet må varmast opp før det gjev frå seg CO2 til atmosfæren. Altså er det ikkje CO2 som skapar klimaendringar.
Effekten av CO2 som klimagass fylgjer ei logaritmisk kurve der effekten er størst i starten (se figuren), men avtek fort og er no på eit nivå der ei dobling av dagens nivå vil føre til ein temperatur-auke som knapt kan registrerast på eit vanleg termometer.
På eit slikt nivå er det å drive dyr klimapolitikk direkte kunnskapslaust og burde vere straffbart. Klimaforliket på Stortinget er ikkje verd papiret det er skrive på. Men gjennom radio og TV får vi dagleg servert innslag om klima som syner at vi er totalt indoktrinerte frå barnehage og skule heile livet oppover. No må politikarane vakne. Vi treng ikkje vente til neste istid før vi stansar galskapen.