Minne-markering for CO2-hypotesen

Støtt oss ved å dele:

Av Magne Dvergsdal

Vi gjengir et innlegg fra Klimarealist Dvergsdal med gode råd til NRK, det har tidligere har vært på trykk i Firdaposten.

Dersom dagens utvikling av klima held fram, bør NRK den 1. oktober 2016 ha ei minnemarkering for hypotesen om CO2 si rolle som klimapådrivar. Vi vil på den datoen ha hatt 20 år utan oppgang i temperaturen på Jorda. På same tid vil vi i desse 20 åra ha hatt ein auke på omlag 40% i utslepp av klimagassar. Klimautslepp vert under markeringa høgtideleg fjerna frå ordlista til NRK-reportarar.

Under ei slik minnemarkering bør dei politiske partia på Stortinget som har støtta klima-forliket vere inviterte. Men også personar som AL Gore som fekk Nobelpris for sin film om klima og månelandingekspert Jens Stoltenberg må inviterast. Vi må heller ikkje gløyme Gro Harlem Brundtland som lanserte sin eigen filosofiske teori om drivhuseffekten.

Ingunn Solheim bør leie markeringa sidan ho har hatt fleire debattar der ho har teke som utgangspunkt at klimaendringar vert styrt av våre utslepp av klimagassar. Vår nye klimastjerne, Rasmus Hansson bør også vere blant æresgjestene. Vår kronprins med ektemake bør inviterast som ivrige klimaentusiastar. Ei slik markering bør vere storslått og i samsvar med alle dei milliardane vi har sølt bort på klimatiltak som tydeleg ikkje har verka. I ei slik sorg-markering må vi også ta med folk frå Cicero og Bjerknessenteret som i årevis har kjempa tappert for å bevise at utslepp av CO2 er skadeleg for klimaet og som kanskje må finne seg anna arbeid i tida framover.

Kva seier NRK om ei slik markering?

Eller vil dei halde fram i nye 20 år med indoktrinering av det norske folk om årsakene til endringar av klimaet på Jorda?

Støtt oss ved å dele: